Tovdal kyrkje er ei langkyrkje i Åmli kommune i Agder fylke.
Kyrkja vart oppført i 1820, men det drøyde heilt til 1827 før ho vart innvigd. Kyrkja har skifta farge fleire gonger: 1837 vart ho malt raud, i 1854 kvit, i 1932 raud og i 1964 nok ein gong kvit. I 1930–32 var det ei større oppussing etter planar av Wilhelm Swensen. Då vart det gjort om ein god del på kyrkjerommet. Sakristiet er frå 1980.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Åmli kyrkjelege fellesråd
Fotnotar
Kategori:Kyrkjer i Åmli Kategori:Kyrkjer i Aust-Nedenes prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1820 Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Åmli