Cassidybreen er ein isbre som er 13 km lang og 3,5 km brei, som flyt nordaust til øvre Taylorbreen mellom Depot Nunatak og nordvestenden av Quartermain Mountains i Victoria Land. Det skildrande namnet «South-West Arm» og «South Arm» vart nytta om denne breen og til delar av Ferrarbreen sør for Knobhead, av Discovery-ekspedisjonen. Nyare kartlegging har vist at breen som her er skildra er ein del av Taylorbreen-systemet.

Isbreen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names i 1992 etter William A. Cassidy ved Department of Geology and Planetary Science ved University of Pittsburgh, som gjennom 13 feltsesongar, 1976–90, leia eit lag frå US Antarctic Research Program i undersøkinga og innsamlinga av meteorittar i Antarktis frå diverse stader gjennom Victoria Land og sørover til Lewis Cliff, i nærleiken av Queen Alexandra Range.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys