Mertzbreen er ein isbre med mange bresprekkar på George V Coast i Aust-Antarktis. Han strekkjer seg nordover og ut i Sørishavet som Mertz bretunge. Han er kalla opp etter den sveitsiske oppdagaren Xavier Mertz.
Mertz-Ninnis Valley er ein undersjøisk dal som er kalla opp i samband med Mertzbreen og Ninnisbreen.
Geografi mini|venstre|portrett=1.5|Bretunga som skyt fram braut av i februar 2010 Mertzbreen er kring 70 km lang og 30 km brei. Han når sjøen ved enden av ein 60 km lang fjord der han held fram som ei stor bretunge ut mellom Cape De la Motte/Buchanan Bay i vest og Cape Hurley/Fisher Bay i aust, utover i Sørishavet. Mertz bretunge er om lag 80 km lang totalt, og stikk kring lang in total hence it protrudes kring 20–25 km ut i havet. Han er kring 40 km brei. Breen leverer kring 10 til 12 gigatonn med is per år til fjorden og tunga rykker kring 1 km per år ned fjorden og ut i havet.
Historie Isbreen vart oppdaga av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen (1911–14) under Douglas Mawson, som namngav han etter Xavier Mertz, eit ekspedisjonsmedlem som mista livet den 7. januar 1913. Leivningane etter Mertz ligg truleg framleis i breen som han er kalla opp etter, nokre kilometer nærmare Sørishavet enn staden der han vart gravlagd i isen av Mawson.ABC Local Radio item
Kalving i 2010 mini|270px|Desse bileta syner isfjellet og bretunga like før og etter kollisjonen. I februar 2010 braut kring halve bretunga av, eit stykke som var kring 78 km langt og 33-39 km breitt. Dette skjedde kring 12. eller 13. februar langs to eksisterande sprekker på kvar side av tunga. Hendinga vart delvis skapt då det store Isfjell B-9B kolliderte med tunga. Isfjell B-9B var 97 km lang og 30 km brei og ein rest av Isfjell B-9 som braut laus frå Rossisen i 1987 og har i nyare tid losna frå Ninnis Bank aust for tunga, der han hadde sete fast i 18 år.
Det nydanna isfjellet fekk namnet Isfjell C-28,National Ice Center press statement fordi det var det 28. store isfjellet som braut laus frå Antarktis i kvadranten som vender mot Australia sidan 1976. Isfjellet er 400 meter høgt og har eit areal på 25,5 km² og veg kring 860 milliardar tonn. I følgje den australske geologen Neal Young, skjer ei slik hending ein gong kvart 50 til 100 år.. Det vil ta kring 70 år for istunga å flytte seg ut at til den gamle enden av tunga.
Sjå òg Isstraum Isbrear i Antarktis Isstraumar i Antarktis Petermannbreen Wilkins Sound
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mertz Glacier» frå , den 29. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Isstraumar i Antarktis Kategori:Geografi i George V Land Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter sveitsarar