Scott 2 er det andre soloalbumet til Scott Walker.

Oversyn Scott 2 følgjer same formelen som debutplata til Walker med ei blanding av samtidige coverversjonar («Black Sheep Boy», «The Windows of the World») Jacques Brel-tolkingar («Jackie», «Next», «The Girls and the Dogs»), filmsongar («Wait Until Dark», «Come Next Spring») og originale songar («The Amorous Humphrey Plugg», «The Girls from the Streets», «Plastic Palace People», «The Bridge»). Hans eigne og Brel sine songar var langt meir vågale enn på Scott, der «Jackie», «Next» og «The Girls from the Streets» handlar om seksuelle tema og ein dekadent livsstil.

I følgje Jonathan King som skreiv teksten i omslaget til Scott 2, skal Walker ikkje lenge etter albumet var ferdig ha skildra det som «verket til ein lat, njotingssjuk mann». Han la til «no må visvaset stoppast og det seriøse byrje». King skriv vidare om Walker: «Eg tvilar ikkje på at om mange år frå no, over ein romaldermiddag av vitamin så vil han sei: 'Vel, dei siste femti åra var kjekke, men no må me gjere noko skikkeleg.' Og han kjem til å meine det.»

Utgjeving og mottaking Albumet, som kom ut på Philips Records i mai 1968, nådde førsteplassen i ei veke og låg inne på UK Albums Chart i 18 veker. Før albumet kom singelen «Jackie» seint i 1967. Singelen vart kontroversiell i Storbritannia på grunn av tekstlinjer som «authentic queers and phony virgins» og narkotikareferansar. Songen vart bannlyst av BBC og ikkje framført på BBC TV eller radiokanalar. Songen nådde etter kvart 22. plass.

Innhald

Lister ListeÅrPlasseringUK Albums Chart19681

Medverkande Wally Stott - arrangement og dirigent (spor 1, 2, 12) Reg Guest - arrangement og dirigent (spor 3, 4, 9) Peter Knight - arrangement og dirigent (spor 6, 4) Peter Olliff - lydteknikar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Scott 2» frå , den 1. mai 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Scott Walker-album Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Philips Records-album Kategori:Smash Records-album Kategori:Fontana Records-album Kategori:Album dirigerte av Wally Stott Kategori:Album arrangerte av Wally Stott Kategori:Album dirigerte av Peter Knight Kategori:Album arrangerte av Peter Knight