Lillian Barbara Board () var ein britisk friidrettsutøvar som tevla på 400 m og 800 m, fødd i Durban i Sør-Afrika. Ho vann to gullmedaljar i EM i friidrett 1969, og ein sølvmedalje på 400 meter under OL 1968.

Aktiv Board tok sølvmedaljen på 400 meter under dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen hausten 1968, bakom gullmedaljøren Colette Besson frå Frankrike. Ho sette då britisk rekord med tida 52,12 sekundar.

I europameisterskapen 1969 i Aten tok ho gull på 800 meter og på 4×400 m stafett med Storbritannia. På den lange stafetten sprang ho siste etappen mot nettopp Frankrikes Colette Besson og slo henne på mållinja. Begge landa fekk notert den nye verdsrekordtida 3.30,8.

Etter å ha delteke på ein 800 m under eit stemne i London i juni 1970 slutta ho å trene, grunna store magesmertar. Om hausten vart det konstatert at ho hadde magekreft, og ho døydde på universitetsklinikken i München jula 1970.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lillian Board» frå , den 26. august 2014.

World Athletics

Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968