Nina Apollonovna Ponomarjova () var ein sovjetisk-ukrainsk diskoskastar frå Sverdlovsk, som i 1952 vart den fyrste sovjetiske olympiameisteren. Ho vart olympisk meister i diskosøvinga i 1952 og 1960 og europameister i 1954.

Aktiv Den 20. juli 1952 vann Nina Romasjkova den fyrste olympiske gullmedaljen for Sovjetunionen då ho kasta diskosen 51,42 m under sommar-OL i Helsingfors. Etter sommarleikane forbetra ho i Odessa verdsrekorden til 53,61 m den 9. august.

I 1954 vart Ponormajova europameister i diskoskast i europameisterskapen i Bern med 48,02 m. To år seinare tok ho bronsemedaljen i dei olympiske leikane i Melbourne med 52,02 m, småskadd og nesten utrena.

Under sommarolympiaden 1960 i Roma vann Ponomarjova si andre olympiske gullmedalje i diskoskasting. Vinnarkastet målte 55,10 meter. Ho kom så på sjetteplass i friidretts-EM 1962 i Beograd, og vart nummer 11 under sommarleikane i Tokyo i 1964.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nina Apollonowna Ponomarjowa» frå , den 28. august 2014.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske diskoskastarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960