Private Investigations: The Best of Dire Straits & Mark Knopfler er ei samleplate av Dire Straits og den britiske musikaren Mark Knopfler, som kom ut i 2005 på Mercury og Vertigo internasjonalt, og Warner Bros. i USA. Det er kalla opp etter hitsingelen deira frå 1982, og albumet består av songar av Dire Straits frå dei seks studioalbuma deira (utanom Communiqué frå 1979) frå 1978 til gruppa vart oppløyst i 1995. Det inneheld òg songar rfå solokarrieren til Knopfler, i tillegg til songar frå filmmusikkalbuma deira.

Den einaste tidlegare songen på albumet som ikkje var gjeven ut var «All the Roadrunning», ein duett med countrysongaren Emmylou Harris. Den amerikanske versjonen har byta ut «Darling Pretty» med «Skateaway».

Utgjeving Private Investigations vart gjeven ut i fire forskjellige versjonar: Ei enkelplate (grått omslag) Ei dobbelplate (blått omslag) Ei dobbelplate med hefte (gullomslag) Ei dobbel vinylplate frå den enkle CD-versjonen.

I meldinga si for AllMusic gav Thom Jurek albumet fire av fem stjerner og skreiv «Dette er ikkje berre ein fin samling for fansen på grunn av den flotte samansetjinga, men den beste innføringa til fyren og bandet ein kan be om».

Innhald Alle songar skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde.

Enkelplate

Dobbelplate Plate ein

Plate to

Dobbelplate (USA) Plate ein

Plate to

Lister

Lister Liste (2005)PlasseringAustralia35Austerrike44Belgia (Flandern)14Belgia (Wallonia)32Danmark5Nederland23Finnish Album Chart17French Samlealbum Chart Search for Dire Straits & Mark Knopfler under the drop-down menu and click Ok.4Tyskland36Hellas8Irland10Italia21New Zealand17Noreg5Portugal3Spania7Sveits15UK Album Chart20 Liste (2010)PlasseringSverige3

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Private Investigations (album)» frå , den 8. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Private Investigations på den offisielle heimesida til Mark Knopfler

Kategori:Dire Straits-album Kategori:Samlealbum frå 2005 Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Mark Knopfler-album