«Rebels» er ein song av Tom Petty and the Heartbreakers frå albumet Southern Accents i 1985. Han vart gjeven ut som singel frå albumet same året. Singelen nådde berre 74. plassen på Billboard Hot 100, og gjorde det mykje betre på Billboard Album Rock Tracks-lista, der han nådde femteplassen.
Songen vart spelt inn i 1984. Det var under innspelinga av denne songen at Petty fekk eit brot i handa. Petty hugsar at han var så påverka av dop at han ikkje fekk til det arrangementet han ønskte. Petty gjekk inn i kontrollrommet og sette den originale demosongen på, som var berre han og ein Rickenbacker 12-strengsgitar. Dette gjorde han så rasande at han storma opp trappene i huset sitt og slo veggen i handa. Petty måtte opererast og gjekk med metallskruar i handa i lang tid.Zollo, Paul. Conversations With Tom Petty (2005): 95-97
Medverkande
Tom Petty & the Heartbreakers Tom Petty - 12-strengsgitar, solovokal Mike Campbell - gitarar, bass, klaverinstrument Benmont Tench - klaverinstrument, korvokal Stan Lynch - trommer, korvokal Howie Epstein - korvokal
Andre musikarar William Bergman – horn, tenorsaksofon, korvokal John Berry, Jr. – trompet, horn Dick Braun – trompet, horn, korvokal Jim Coile – horn, tenorsaksofon, korvokal Kurt McGettrick – horn, korvokal Molly Duncan – saksofon Dave Plews – trompet Bobbye Hall – perkusjon
Lister Liste (1985) Plassering U.S. Billboard Album Rock Tracks 5 U.S. Billboard Hot 100 75
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rebels (song)» frå , den 12. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Songar skrivne av Tom Petty