Charles Messier () var ein fransk astronom, mest kjend for å publisere ein astronomisk katalog som bestod av stjernetåker og stjernehopar og vart kjend som dei 110 «Messier-objekta». Føremålet med denne katalogen var å hjelpe astronomiske observatørar, særleg kometoppdagarar som han sjølv, til å skilje mellom permanente og flyttande, diffuse lekamar på himmelen.
Messier var astronom ved Marineobservatoriet i Paris. Han var særskild interessert i studiet av kometane og oppdaget sjølv 21. Ludvig XV kalla han spøkefullt for le furet des comètes («kometsporhunden»). Under arbeidet sitt med kometane laga han ein katalog over 113 stjernehoper og tåker som kunne forvekslast med kometer (1781). Mange av desse objekta har framleis nummer frå denne katalogen, Messierkatalogen, til dømes Messier 1 (M 1), som er Krabbetåka i Tyren.
Ettermæle mini|venstre|Grava til Messier i Père Lachaise, seksjon 11. Krateret Messier på månen og asteroiden 7359 Messier er kalla opp etter han.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Interaktiv Messier-katalog frå Greenhawk Observatory Amatørbilete av Messier-objekt
Kategori:Folk frå Meurthe-et-Moselle Kategori:Kometoppdagarar Kategori:Franske astronomar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Astronomar på 1700-talet Kategori:Astronomar på 1800-talet