Tel as-Sabi eller Tel Sheva (arabisk تل السبع, hebraisk skrift תֵּל שֶׁבַע) er ein beduinsk by (lokal kommune) i Det sørlege distriktet i Israel, nær Beersheba.

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet i Tel as-Sabi 15 700 i desember 2010.

Tel as-Sabi, den første beduinske kommunen i Israel, vart grunnlagd i 1967 som ein del av eit statleg prosjekt for å få faste bustader til beduinane og vart ein lokal kommune i 1984. Han er ein av sju beduniske kommunane i Negevørkenen med godkjende planar og utvikla infrastruktur.Staten Israel. Ministry of Justice, Ministry of Foreign Affairs. List of Issues to be taken up in Connection with the Consideration of Israel's Fourth and Fifth Periodic Reports of Israel (CEDAW/C/ISR/4 and CEDAW/C/ISR/5)

Historie Før opprettinga av Israel, var Negev-beduinar eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.

Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.

Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.

Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spredd over heile Nord-Negev.

Sidan Tel as-Sabi var den første beduinske kommunen i Israel, vart det gjort mange feil av planleggjarane og styresmaktene. Styresmaktene prøvde å lære frå dette då dei planla og bygde nye beduin-landsbyar og byar.

Sjå òg Arabiske stader i Israel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tel as-Sabi» frå , den 7. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Beduinstader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1969 Kategori:1969 i Israel