Drijat (arabisk دريجات; hebraisk skrift דריג'את), òg kalla Draijat, er ein arabisk landsby nær den israelske byen Arad, mellom Kuseife og Yatirskogen, nord i Negev. I 2007 var folketalet 575.

Historie I følgje innbyggjarane vart Drijat grunnlagd på 1800-talet.Bedouin village gets water hook-up, 5 years after recognition Haaretz, 14. september 2009 Meom som dusinvis av andre arabiske stader i Negevørkenen, vart han ikkje offisielt godkjend som landsby før 2004, så han vart ein del av Abu Basma regionale kommune. Han er den einaste arabiske landsbyen i Negev som ikkje er busett av beduinar. Innbyggjarane avstammer frå ei lang linje av fellahin. Ruinane av ein historisk stad kalla Dargot ligg i Drijat.

I 2009 fekk landsbyen innlagt vatn, men var framleis ikkje knytt til det nasjonale straumnettverket. I 2005 vart han den første byen i verda som vart utstyrt med eit solenergisystem for å gje straum til heile landsbyen, og slik redusere forureining. Den einaste solenergidrivne moskeen i Midtausten ligg òg i landsbyen.

Sjå òg Arabiske stader i Israel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Drijat» frå , den 7. september 2015. oppgav desse kjeldene:

mini|center|600px|Flyfoto av Drijat

Kategori:Al-Kasom regionale kommune Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel