Eshkolot (hebraisk skrift אֶשְׁכּוֹלוֹת, tyder 'Klasar') er ein sekulær israelsk kollektiv busetjing sør i Judeafjella på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg kring fem kilometer frå Lahav, og er underlagt Har Hebron regionale kommune. I 2006 hadde han 225 innbyggjarar. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Landsbyen vart først grunnlagd i 1982 som ei Nahal-busetjing. Han vart gjeven over til sivilistar i 1991. Namnet er henat frå dei velkjende vindruene i Hebron.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eshkolot» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Eshkolot på Negev informmasjonssenter

Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Ikkje-religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982