Azzoun eller Azzun (arabisk عزّون) er ein palestinsk by i Qalqilya guvernement nord på Vestbreidda, 9 kilometer vest for Qalqilya og 24 kilometer sør for Tulkarm. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Azzoun, i lag med dei nærliggande landsbyane Islah og Izbat al-Tabib, eit folketal på over 8 900 i 2007. Dei fleste innbyggjarane er muslimar, med ein særs liten kristen minoritet.2007 Census - Qalqilya guvernement Palestinsk statistisk sentralbyrå, s.51

Historie Like nord for landsbyen vart seks-sju steintårn utforska i 1873. Det best bevarte hadde seks skifter ståande, og ein del av eit tak. Dei lokale sa dei var eldgamle vintårn.Conder og Kitchener, 1882, s. 171

Azzoun var åstad for eit slag under felttoget til Napoleon Bonaparte i Osmansk Syria.Azzoun Past and Present Abdul Aziz Arar.

Då den franske hæren marsjerte inn i Palestina kommandert av Napoleon i februar 1799, møtte han kraftig og uventa motstand frå innbyggjarane i Jabal Nablus kommandert av lokale leiarar. Dei gjekk til åtak på den franske hæren då dei marjserte mot Akko, særleg nær Azzoundalen, og tok del i slaget ved Tal-Tabur.

I 1852 vitja den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson landsbyen, og skreiv at han hadde 290 menn, alle muslimar utanom ein kristen familie.Robinson and Smith, 1856, s.135-136 I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Azzun som ein «liten landsby i ei låg åsside, med fleire brunnar og oliven på kvar side.»Conder og Kitchener, 1882, s. 164

Før den arabisk-israelske krigen i 1948 hadde byen eit landområde på 23 496 mål. I dag består byen av 9 130 mål der 1 209 mål er utbygde område. Det ligg fire moskear i byen. Dei fleste innbyggjarane arbeider innan jordbruk og dyrehald (40 %) eller handel og handverk (41%), medan 19 % arbeider innan offentleg sektor.

Demografi I folketeljinga i 1922 hadde Azzun eit folketal på 700, 9 kristne og 691 muslimar.Barro, 1923, Table IX, Subdistrict of Tulkarem, s. 28

I 1945 var folketalet i Azzoun, i lag med Nabi Ilyas og Islah, 1 190, alle arabarar, som eigde 23 496 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 74 Av dette var 5 494 mål for plantasjar og irrigert land, 1 420 vart nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 124 medan 55 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 174

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Azzun» frå , den 23. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Azzun

Kategori:Qalqilya guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda