Venetta Fields () er ein USA-amerikansk songar som er best kjend som studiomusikar for leiande rock- og popartistar i 1970-åra som Pink Floyd, Barbra Streisand, Steely Dan og the Rolling Stones. Ho har budd i Australia sidan 1982 og er i dag australsk-amerikansk.

Tidleg karriere Ho var fødd i Buffalo i New York og fekk tidleg musikalsk opplæring gjennom gospelmusikken i kyrkja. Karrieren byrja offisielt i The Templaires, ei gruppe ho danna med medlemmar frå kyrkja, etterfølgd av The Corinthian Gospel Singers. Seint i 1961 spelte Ike and Tina Turner Revue i Buffalo og Fields høyrte at det var ein opning som medlem i korgruppa til Tina Turner, The Ikettes. Fields fekk jobben og song med Tina Turner på mange konsertar og innspelingar, og ho fekk òg somme solosongar på konsertalbuma deira. Ike Turner flytta basen sin til Los Angeles og i 1966 slutta Fields i the Ikettes i lag med Jessie Smith og Robbie Montgomery. Trioen fekk kontrakt med Mirwood Records og dei vart i The Mirettes frå 1966-1970.

Studiovokalist Frå kring 1969, vart Fields, i lag med vokalistane Clydie King og Sherlie Matthews, raskt ein av dei mest ettersøkte korsongarane i USA, og arbeidde med artistar som Diana Ross, Elkie Brooks, Steely Dan, Joe Cocker, Quincy Jones, Bette Midler, Burt Bacharach, Bob Dylan, The Supremes, Neil Diamond, Bob Seger, Burton Cummings, Tim Buckley, Paul Butterfield, Leonard Cohen, Joe Walsh, og med Aretha Franklin, som var hennar mentor og inspirasjon. Andre kjende innspelingar frå denne tida var Wish You Were Here med Pink Floyd og Rolling Stones-albumet Exile on Main St.

Kring 1971 danna Fields, King og Matthews The Blackberries, med Matthews som produsent/låtskrivar og vocalist. I 1972 bad Steve Marriott dei å spele og turnere med Humble Pie, og produserte eit ikkje-utgjeve Blackberries-album med Humble Pie som akkompagnement. The Blackberries og Humble Pie gjekk kvar til sitt i 1973.

Fields og King song med Barbra Streisand (The Oreos) i 1976 i filmen A Star Is Born.

Karriere i Australia Etter ein turné i Australia seint i 1970-åra med Boz Scaggs, valde Fields å flytte der permanent i 1982. I åra som følgde fortsette ho å arbeide med amerikanske artistar når dei vitja Australia, som George Benson, Dionne Warwick, Barbra Streisand, Thelma Houston og Randy Crawford, i tillegg til leiande australske artistar, som Richard Clapton, Australian Crawl, Cold Chisel, Jimmy Barnes, James Morrison, Mark Gillespie og John Farnham.

Fields og Farnham song i lag som gjestevokalistar med The Incredible Penguins i 1985, for ein versjon av «Happy Xmas (War Is Over)», eit veldedig prosjekt for forsking på pingvinar. Denne singelen nådde tiandeplassen på den australske hitlista Kent Music Report i desember. NOTE: Used for Australian Singles and Albums charting from 1974 until ARIA created their own charts in mid-1988. In 1992, Kent back calculated chart positions for 1970–1974. Note: [on-line] version established at White Room Electronic Publishing Pty Ltd in 2007 and was expanded from the 2002 edition.

I midten av 1980-åra i Melbourne, danna Fields ei ny gruppe, Venetta's Taxi, med vokalist Sherlie Matthews, gitarist Michael den Elzen og Chong Lim på klaverinstrument, medan ho heldt fram å synge for lokale og turnerande artistar.

I Australia debuterte Fields som teaterskodespelar, som Alice i Big River. Ho vart etter kvart stadig å sjå i musikalar, som Blues in the Night, Chess (konserversjon), to skodespel for Melbourne Theatre Company - The Crucible og Racing Demon - og som Ruby i Buddy Holly-showet Buddy The Musical. På denne tida turnerte ho òg med sitt eige show, Gospel Jubilee.

Utvald diskografi Korvokalist The Butterfield Blues Band: Sometimes I Just Feel Like Smilin' Barbra Streisand: Barbra Joan Streisand, Stoney End, A Star Is Born The Rolling Stones: Exile on Main St. Steely Dan: Can't Buy a Thrill, Aja, The Royal Scam Tim Buckley: Greetings from L.A., Look at the Fool Humble Pie: Eat It, Thunderbox, Street Rats Joe Walsh: The Smoker You Drink, the Player You Get Pink Floyd: Wish You Were Here Bonnie Raitt: Home Plate Elkie Brooks: Rich Man's Woman The Doors: Full Circle Alice Cooper: Lace and Whiskey Chuck Girard: Take It Easy Jean Terrell: I Had to Fall in Love Graham Nash: Songs for Beginners Gene Clark: No Other Spirit: Feedback Sonny Terry & Brownie McGhee: Sonny & Brownie The Doobie Brothers: Stampede Gary St.Clair: Self Titled

Soloartist Venetta's Taxi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Venetta Fields» frå , den 14. april 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Folk frå Buffalo Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Ike & Tina Turner-medlemmar Kategori:Steely Dan-medlemmar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar