Buraydah (arabisk بريدة, Burayda) er hovudstaden i Al-Qassim-regionen nord i det sentrale Saudi-Arabia i hjartet av Den arabiske halvøya. Buraydah ligg like langt frå Raudehavet i vest og Persiabukta i aust. Han har eit folketal på 614 093 (2010).
Buraydah er regionshovudstaden i Al-Qassim-regionen og ligg i utkanten av Wadi Al-Rummah. Buraydah har eit typisk ørkenklima, med varma somrar, kalde vintrar og låg fukt.
I Buraydah er jordbruk framleis ei viktig næring. Tradisjonelle varer frå oasen er dadlar, sitronar, appelsinar og anna frukt. I moderne tid byrja ein med dyrking av kveite, og dette vart ein så stor suksess at Buraydah er ein av dei største kornprodusentane i landet.
Klima
Folketal Byen har hatt særs stor folkevekst. Innafor bygrensene budde det i 2010 614 093 innbyggjarar.
År Folketal 1888 10 000 1935 35 000 1960 45 000 1970 56 000 1972 60 000 1974 69 000 1992 248 000 2004 505 000 2010 614 093
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Buraydah» frå , den 21. mai 2016. oppgav desse kjeldene: Mackey, Sandra. The Saudis: Inside the Desert Kingdom. Updated Edition. Norton Paperback. W.W. Norton and Company, New York. 2002 (first edition: 1987). ISBN 0-393-32417-6 pbk.
Kategori:Busetnader i Al-Qassim-provinsen
Kategori:Provinshovudstader i Saudi-Arabia