mini|Piet Kleine i 1973
Pieter Kleine, kjend som Piet Kleine, () er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Hollandscheveld. Han vart olympisk meister på 10000 meter under Vinter-OL 1976 og verdsmeister i firkamp same sesongen.
Kleine fekk sitt gjennombrot i 1973-sesongen med ein tredjeplass i VM i firkamp. To sesongar seinare kom på same pallplassen då EM 1975 vart avvikla i Heerenveen.
Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck tok Kleine sølvmedaljen på 5000 meter, slått med to sekundar av norske Sten Stensen. Tre dagar seinare revansjerte Kleine seg og gjekk til topps på 10000 meter. I eit seint par kom han i mål på tida 14.50,5, og slo dermed Stensen si leiartid med knappe tre sekundar. Eit par veker seinare vann Kleine firkamp-VM i Heerenveen, framom nettopp Stensen.
Kleine vart i 1978 nederlandsk firkampmeister for fyrste og siste gong, elles kom han seks gongar på andreplassen i den nasjonale meisterskapen i tida 1973-81. Internasjonalt markerte han seg lite etter 1976-sesongen, eit OL-sølv på 10 000 meter under Vinter-OL 1980 i Lake Placid var hans einaste pallplassering.
Han la opp etter 1981-sesongen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piet Kleine» frå , den 5. november 2016.
Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1980