Ann Cathrin Eriksen () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bodø som vann EM-gull 1998, VM-gull 1999 og OL-bronse i 2000.
Kantspelaren melde seg inn i topplaget Byåsen IL i 1990, og spelte på laget frå Trondheim til ho trappa ned. Ho meisterskapsdebuterte for Noreg under handball-VM 1995, der ho var med å tape bronsefinalen mot Danmark. Korkje i 1996 eller 1997 fekk ho plass i dei norske handball-troppane til OL, EM og VM. Derimot var ho med då dei norske handballkvinnene slo Danmark med åtte mål i EM-finalen 1998, sjølv skåra ho to av Noregs 24 finalemål i det som var hennar beste meisterskap. I 1999 vart ho verdsmeister på heimebane på Lillehammer og hausten 2000 fekk ho bronsemedalje med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney, i begge desse meisterskapane sat ho på tribunen i finalen. Semifinaletapet mot Ungarn to dagar før bronsefinalen i Sydney vart hennar 127. og siste landskamp. Gjennom knapt elleve år på landslaget skåra ho 119 mål.
Merittar VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark OL 1996: Nr 4 etter 18–20 mot Ungarn EM 1998: Gullmedalje etter 24–16 mot Danmark VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ann Cathrin Eriksen» frå , den 10. desember 2016.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Folk frå Bodø