mini|Norske Kvinner #seg Nasjonalråds første styre i 1904. Frå venstre: Karen Grude Koht, Fredrikke Marie Qvam, Gina Krog, Betzy Kjelsberg og Katti Anker Møller. Betzy Aleksandra Kjelsberg () var ein norsk politikar for Avholdspartiet og Venstre. Ho var Noregs første kvinnelege fabrikkinspektør i perioden 1910–1936 og forkjempar for kvinnesaka. Ho kjempa fram Fabrikktilsynsloven av 1892.
Familieliv Betzy Kjelsberg var fødd i Svelvik. Ho hadde norsk far og skotsk mor. Faren, Thor Børresen (1816–72), var skipper. Han døydde då Betzy var barn, og etterlét seg ein gjeldstynga familie. Mora Jessie Børresen (fødd McGlashan, 1842–1915) tok med seg dottera frå Svelvik til Drammen, der ho starta pensjonatverksemd.Betzy Kjelsberg i Norsk biografisk leksikon, 2. utg. Etter nokre år gifta mora seg på nytt. Stefaren til Betzy var kjøpmann og ville prøva å etablera seg i Kristiania. Familien busette seg på Grønland i nærleiken av den nye butikken hans.
Etter folkeskulen tok Betzy handelsutdanning samtidig som ho arbeidde. Ho fekk byrja å lesa til examen artium, men avbraut utdanninga då ho i 1885 vart gift med overrettssakførar Oluf Fredrik Kjelsberg. Paret fekk seks barn. Betzy Kjelsberg er oldemor til den noverande Frp-politikaren Siv Jensen og Nina Jensen, generalsekretær i WWF Noreg.
alt=Studioportrett av Betzy Kjelsberg fra 1899. Fotografi fra Norsk Teknisk Museums bildearkiv.|mini|Betzy Kjelsberg fotografert i 1899. Med handskrift påført orda "Som foredragshaldar 1899". Biletet tilhøyrer Fotoarkivet til norsk Teknisk Museum. Kjelde: Digitalt Museum.
Karriere og politisk verksemd Hausten 1883 byrja Betzy Børresen på eit privat kurs hos løytnant Michael Hald for å lesa til examen artium. Hald var matematikklærar på Aars og Voss' skule, og starta opp denne undervisinga etter at den unge kvinna Marie Holst hadde røynt at vanlege skular ikkje ville ta opp kvinnelege elevar. Hald averterte etter fleire studentar, og Betzy vart ei av seks unge jenter som utgjorde Privatskolen til Hald i hans heim i Damstredet. I 1883 oppretta ho og medelevane diskusjonssamskipnaden Skuld, som snart fekk ei rekkje medlemmar som ikkje var elevar på artiumskurset, mellom dei Cecilie Thoresen, som i 1882 hadde vorte den første kvinnelege studenten i Noreg.
I 1885 flytta ekteparet Kjelsberg til Drammen, der Oluf Kjelsberg opna advokatkontor og Betzy verka som sakførarbetjent. Betzy Kjelsberg skal ha merka seg ut som den første kvinnelege syklisten og den første til å bruka bukseskjørt. Ho fekk sitt første barn i 1886.
Betzy Kjelsberg byrja tidleg å engasjera seg for å skapa endringar i byen. Ho danna Kvinnelig Handelsstands forening (1894), Drammen Kvinnesaksforening (1896), Drammens husmorskole (1899), Drammens Sanitetsforening (1899) og Drammen Kvinneråd (1903). I 1905 vart ho valgt inn i kommunestyret for Avholdspartiet. Nasjonalt sett var ho sentral i etableringa av Norsk Kvindesagsforening (1884), Kvindestemmeretsforeningen (1885), og ho var med i Norske Kvinders Nasjonalråd (1904), òg som leiar. I 1909 vart ho ei av dei fem første kvinnene i Noreg med tittelen fabrikkinspektør, med arbeidstittel inspektrise. Frå 1926 var ho dessutan viseformann for International Council of Women.
For Venstre var ho, som det første kvinnelege medlemmet, med i sentralstyret mellom 1926 og 1938. Kjelsberg-biograf Magnhild Folkvord hevdar mange hadde venta at ho skulle verta sosialminister i Johan Ludwig Mowinckels regjering i 1928. Kjelsberg kritiserte partileiaren offentleg for å ikkje inkludera kvinner i regjeringa.Dagsavisen: Betzy Kjelsberg – feminist og fabrikkinspektør, dagsavisen.no, 27. februar 2016]
Prisar og utmerkingar Kjelsberg vart 30. januar 1935 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for almennyttig verksemd».Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 463. I 1916 fekk ho Kongens fortenestemedalje i gull.«Betzy Kjelsberg», kongehuset.no.
På 90-årsdagen for Betzy Kjelsberg sin fødsel i 1956 vart det avduka eit minnesmerke av bilethoggaren Maja Refsum ved Akerselva.Skulptur på fredag – Kulturetaten i Oslo kommune 8. april 2011 Betzy Kjelsberg vart heidra på frimerke i 1993 og har fleire vegar oppkalla etter seg. Den eine vegen er i Stavanger, Betzy Kjelsbergs gate, den andre i Oslo, Betzy Kjelsbergs vei, vedteke av Oslo bystyre 29. april 1959, og den tredje og siste med same namn på Åssiden i Drammen. Betzy Krisesenter vart etablert i Drammen i 198.
Bøker om Betzy Kjelsberg Forfattaren Frid Ingulstad gav i 2015 ut ein biografi om Betzy Kjelsberg på Cappelen Damm forlag. Ingulstad skreiv i forordet til boka Betzy. Fortellingen om en norsk foregangskvinne at hennar interesse for Kjelsberg vart vekt då ho leita etter bakgrunnsstoff til ein romanserie om fabrikkarbeidarane ved Akerselva.
Magnhild Folkvord gav i 2016 ut biografien Betzy Kjelsberg. Feminist og brubyggjar på Samlaget forlag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Betzy Kjelsberg» frå , den 12. mars 2017.
Litteratur
Bakgrunnsstoff Om Betzy Kjelsberg frå Norsk biografisk leksikon, 2. utg. Betzy Kjelsberg ved røysterett.no Fotografi av Betsy Kjelsberg som «fabrikkinspektrise», Oslo Museum Portrett av Betsy Kjelsberg med Kongens fortenestemedalje og St. Olavs Orden, 1935, Oslo Museum Politiske talar av Betzy Kjelsberg, virksommeord.uib.no
Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Folk frå Svelvik Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Venstrepolitikarar