Muttur-massakren fann stad 4. eller 5. august 2006, då 17 tilsette i den franske internasjonale uavhengige nødhjelpsorganisasjonen Action Contre la Faim (engelsk Action Against Hunger, eller ACF) vart skotne på nært hald i byen Muttur, nær Trincomalee på Sri Lanka. Offera inkluderte 16 srilankiske tamilar og ein srilankisk muslim. Hendinga var eit av dei vondaste angrepa mot humanitære hjelpearbeidarar sidan angrepet mot SN i Bagdad i 2003.
Hendinga Då lika vart funne, hadde Muttur vorte erobra av srilankiske regjeringsstyrkar. Det hadde gått føre seg harde kampar mellom regjeringsstyrkane og Tamiltigrane (LTTE) veka før lika vart oppdaga. Lika vart funne liggjande med andleta ned og med skot i hovuda i ein leir for Action Contre la Faim.
Reaksjonar
Srilankiske styresmakter nekta for at dei hadde ansvaret, men Sri Lanka Monitoring Mission mistenkte den srilankiske hæren for å ha ansvaret for drapa. Leiaren for observatørgruppa, svenske Ulf Henricsson, sa at det var «one of the most serious recent crimes against humanitarian aid workers worldwide.»
Action Contre la Faim/Action Against Hunger kalla handlinga eit krigsbrotsverk og kravde ei full undersøking.
1. april 2008 gav organisatsjonen University Teachers for Human Rights (UTHR), som er driven av tidlegare lærarar ved Universitet i Jaffna og er kjend for å ha vore kritisk både mot LTTE og dei srilankiske styresmaktene, ut Special Report #30 om massakren. UTHR namngav eit medlem av Sri Lankan Home Guard (no Civil Defence Force) og to politifolk i Muthur som gjerningsmenn, men la til at fleire andre srilankiske styrkar var del av gruppa som gjekk inn i ACF sitt kompleks og vart verande passive medan hjelpearbeidarane vart drepne.Report details S.Lanka aid massacre, blames forces
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muttur-massakren i 2006» frå , den 17. november 2018.
Bakgrunnsstoff BBC report on the murder of fishermen BBC, Military killed aid staff ICJ report on Muttur massacre IIEG public statement 2007
Kategori:Konfliktar i 2006 Kategori:Massakrar Kategori:Srilankisk historie