Jazz eller jass er ein opphavleg amerikansk musikksjanger. Stilmessig er den ein blanding av tradisjonell afrikansk og tradisjonell europeisk musikk, og er kjenneteikna av blå tonar, polyrytmikk, improvisasjon, synkope og swingtime.Alyn Shipton, A New History of Jazz, 2nd. ed., Continuum, 2007, s. 4–5

Frå den tidlege utviklinga og fram til i dag har jazz òg innlemma amerikansk populærmusikk frå 1800- og 1900-talet.Bill Kirchner, The Oxford Companion to Jazz, Oxford University Press, 2005, Chapter Two. Ordet jazz starta som eit slanguttrykk av ukjend opphav på Vestkysten i USA og vart først nytta om musikk i Chicago rundt 1915.

Jazz har frå tidleg på 1900-talet utvikla seg til mange forskjellige undersjangrar, som dixieland frå New Orleans frå tidleg i 1910-åra, swing med storband frå 1930- og 1940-åra, bebop frå midten av 1940-åra, forskjellige latinjazzblandingar som afro-kubansk og brasiliansk jazz frå 1950- og 1960-åra, jazzrock frå 1970-åra og meir moderne former som acid jazz.

Opphav mini|venstre|Måleri frå seint på 1700-talet kalla The Old Plantation, med afroamerikansk dans til banjo og perkusjon. I 1808 hadde den atlantiske slavehandelen ført nesten ein halv million afrikanarar til USA. Slavane kom stort sett frå Vest-Afrika og førte med seg sterke musikalske tradisjonar. Store festivalar med afrikansk dans til trommer vart organisert på søndagar ved Place Congo, eller Congo Square, i New Orleans fram til 1843, og liknande samlingar hadde ein i New England og New York. Afrikansk musikk var stort sett funksjonell og vart nytta til arbeid eller i ritual, som arbeidssongar. I den afrikanske tradisjonen hadde dei ei enkel melodilinje og ein såkalla call-and-response (kall og korsvar), men utan den europeiske bruken av harmoni. Rytmane gjenspegla afrikanske talemåtar og den afrikanske bruken av pentatoniske skalaer førte til blåtonar i blues og jazz. mini|Blackface-minstrels i 1843, med tamburin, fele, banjo og bones. Tidleg på 1800-talet hadde mange svarte musikarar lært seg å spele europeiske instrument, særleg fiolin, som dei nytta til å parodiere europeisk dansemusikk i sine eigne cakewalk-dansar. Til gjengjeld heldt europeisk-amerikanske artistar minstrelshow iført blackface-måling og gjorde slik musikk populært internasjonalt der dei kombinerte synkope med europeisk harmoni. Louis Moreau Gottschalk tilpassa afroamerikansk cakewalk-musikk og søramerikanske, karibiske og andre slavemelodiar til salongmusikk for piano. Andre inspirasjonskjelder kom frå svarte slavar som lærte seg den harmoniske stilen i salmar og nytta denne i sin eigen musikk som spirituals. Opphavet til blues er ikkje dokumentert, men han vert sett på som ein langvarig motpart til spirituals. Paul Oliver har vist likskapar i instrument, musikk og sosial funksjon til griotane på den vestafrikanske savannen.

1890-åra til 1910-åra Ragtime

venstre|frame|Scott Joplin. Frigjeringa av slavane førte til nye mogelegheiter for utdanning for dei frigjorde afroamerikanarane, men streng segregering avgrensa sjansane for å få seg jobb. Svarte musikarar underheldt folk av «lågare klassar» på dansar, minstrelshow og i varieté og mange marsjband oppstod.

Ragtime oppstod på noteark med den afroamerikanske entertaineren Ernest Hogan sine hitsongar i 1895 og to år seinare spelte Vess Ossman inn ein medley av desse songane som ein banjosolo kalla «Rag Time Medley». I 1897 gav òg den kvite komponisten William H. Krell ut sin «Mississippi Rag» som det første instrumentale ragtimestykket for piano nokon gong. Den klassisk utdanna pianisten Scott Joplin kom med sin «Original Rags» året etter, og hadde så i 1899 ein internasjonal hit med «Maple Leaf Rag». Han skreiv mange populære ragtimesongar der han kombinerte synkope, banjobesiffring og stundom call-and-response, som førte til at ragtime-uttrykket vart tatt opp av klassiske komponistar som Claude Debussy og Igor Stravinskij. Blues vart gjeve ut og gjort populær av W. C. Handy, som «Memphis Blues» frå 1912 og «St. Louis Blues» frå 1914, og begge vart jazzstandardar.

New Orleans mini|Buddy Bolden sitt band frå New Orleans (1905). Musikken frå New Orleans var særs viktig i utviklinga av tidleg jazz. Mange tidlege jazzartistar spelte i bordell og barar i horestrøket rundt Basin Street kalla «Storyville». I tillegg spelte mange marsjband ved overdådige gravferder arrangert av det afroamerikanske samfunnet. Instrumenta som vart nytta av marsjbanda og dansebanda vart dei grunnleggande instrumenta i jazz med messingblåsarar og røyrbladinstrument stemd i europeisk 12-toneskala, samt trommer. Små band som hovudsakleg bestod av sjølvlærte afroamerikanske musikarar spelte ei viktig rolle i utviklinga og utbreiinga av tidleg jazz, og mange av desse kom frå gravferdstradisjonane i New Orleans. Desse reiste rundt i svarte samfunn rundt om i Deep South og frå rundt 1914 tok afro-kreolske og afroamerikanske musikarar i varietéshow med seg jazzen til vestlege og nordlege byar i USA. mini|venstre|Morton gav ut «Jelly Roll Blues» i 1915, den første jazzsongen som vart gjeve ut. Den afro-kreolske pianisten Jelly Roll Morton starta karrieren sin i Storyville. Frå 1904 turnerte han med varietéshow rundt om i sørlege byar og spelte òg i Chicago og New York City. Songen hans «Jelly Roll Blues», som han komponerte rundt 1905, vart gjeve ut i 1915 som den tidlegaste jazz-songen som nokon gong vart gjeven ut, og introduserte fleire musikarar til New Orleans-stilen. Buddy Bolden vart ein sentral artist, men han spelte likevel aldri inn musikken sin, og hamna i asyl i 1907. Nordaust i USA vart det utvikla ein populær ragtime-stil av James Reese Europe sitt symfoniske Clef Club-orkester i New York City, som spelte ein velgjerdskonsert i Carnegie Hall i 1912. I 1913 vart Europe og Society Orchestra den første svarte gruppa som gjorde ei jazzinnspeling. Ragtimestilen til Eubie Blake frå Baltimore var påverka av pianospelinga til James P. Johnson, som utvikla den såkalla «stride-stilen», der høgrehanda spelar melodien, medan venstrehanda lagar rytmen og basslinja.

«Livery Stable Blues» vart gjeven ut av Original Dixieland Jass Band i 1917 som ei av dei første jazzplatene. Same året gav mange andre band ut innspelingar som hadde namnet «jazz» i tittelen eller bandnamnet, men dette var meir ragtime og andre stilar enn jazz. I september 1917 spelte W.C. Handy sitt Orchestra of Memphis inn ein eigen versjon av «Livery Stable Blues». I februar 1918 førte James Reese Europe sitt infanteriband, Hellfighters, ragtime til Europa under den første verdskrigen, og då dei kom tilbake spelte dei inn Dixieland-standarden «The Darktown Strutter's Ball».

1920- og 1930-åra mini|«Just Wild about Harry» av Eubie Blake i ei innspeling frå 1922.

Rundt 1920 fekk jazzmusikken eit større publikum i USA. Dette skjedde først og fremst som eit resultat av at grammofonplater og radioar vart meir vanlege i bruk. Frå 1920 til 1933 var det forbod mot sal av alkoholhaldige drykkar i USA og dette førte til at jazz vart spelt på ulovlege brennevinsutsal. Jazz starta å få rykte på seg for å vere umoralsk og mange av den eldre generasjonen såg på musikkstilen som ein trugsel mot gamle kulturverdiar og som i staden fremma dekadente verdiar i dei glade 20-åra. Frå 1919 spelte Kid Ory sitt Original Creole Jazz Band frå New Orleans i San Francisco og Los Angeles der dei i 1922 vart det første svarte jazzbandet som spelte inn musikk. Hovudsenteret for utviklinga av ny «Hot Jazz» var Chicago, der King Oliver slo seg saman med Bill Johnson. Mange afroamerikanarar reiste frå Sørstatane til Nordstatane i byrjinga av 1900-talet, for å få arbeid i den veksande industrien, og mykje av den musikken som er knytt til New Orleans vart eigentleg utvikla i Chicago. 1922 var òg året då Bessie Smith, den mest kjende av bluessongarane frå 1920-talet, spelte inn si første innspeling. mini|The King & Carter Jazzing Orchestra. Bilete frå Houston i Texas, januar 1921.

Bix Beiderbecke danna The Wolverines i 1924. Same året slo Louis Armstrong seg saman med Fletcher Henderson sitt danseband som solist og etter eitt år danna han det dyktige bandet Hot Five, som gjorde scat-song populært. Jelly Roll Morton spelte inn musikk med New Orleans Rhythm Kings i eit band av både kvite og svarte artistar, og i 1926 anna han Red Hot Peppers.

Det var ein stor marknad for jazzaktig dansemusikk spelt av kvite orkester, som Jean Goldkette og Paul Whiteman sine orkester. I 1924 bestilte Whiteman Gershwin sin Rhapsody in Blue, som hadde premiere med Whiteman sitt orkester. Andre viktige band var Fletcher Henderson og Duke Ellington sitt band i New York City og Earl Hines sitt band i Chicago. Alle var viktige bidragsytarar til utviklinga av swing-jazz spelt av storband.

Ei av dei heilt første norske jazzgruppene var Sixpence Jazzband frå Kristiania i 1923, og det lengstspelande, Bodega Band vart oppretta i Trondheim i 1929.

Swing

I 1930-åra vart swingstorband særs populære og fleire av dei dyktige solistane vart kjende bandleiarar. Viktige personar i utviklinga av storbandjazz var bandleiarar og arrangørar som Count Basie, Cab Calloway, Fletcher Henderson, Earl Hines, Duke Ellington, Artie Shaw, Tommy Dorsey, Benny Goodman og Glenn Miller, og desse fekk noko nær stjernestatus i 30- og 1940-åra. mini|venstre|Trompetist, bandleiar og songar Louis Armstrong, internasjonalt kjend som «Ambassador of Jazz» («Jazzambassadøren»), var ein viktig bidragsytar til utviklinga av tidleg jazz. Swing var òg dansemusikk og vart kringkasta direkte på radio over heile USA kvar kveld i mange år. Swing vart spelt av storband, men hadde òg plass til soloar, som kunne vere særs kompliserte. Av bandleiarar som spesialiserte seg på direkte radiosendingar med swingmusikk i denne perioden var Shep Fields.

Etter kvart vart samfunnet mindre strengt når det gjaldt rasesegregering og kvite bandleiarar byrja å ta med svarte musikarar i banda sine. I midten av 1930-åra leigde Benny Goodman pianisten Teddy Wilson, vibrafonisten Lionel Hampton og gitaristen Charlie Christian for å danne små grupper. Tidleg i 1940-åra vart stilen jump blues spelt av små jazzgrupper med uptempo musikk og akkordprogresjonar frå blues. Jump blues baserte seg på boogie-woogie frå 1930-talet. Kansas City Jazz i 1930-åra markerte ein overgang frå storband til bebop i 1940-åra.

Europeisk jazz I Europa dukka ein særeigen europeisk jazzstil opp i Frankrike med Quintette du Hot Club de France som starta i 1934. Den belgiske gitaristen Django Reinhardt spelte sigøynerjazz, ei blanding av 1930-tals amerikansk swing-jazz, fransk bal-musette og austeuropeisk folkemusikk i ein tilbakelent og forførande stil. Dei viktigaste instrumenta var stålstrengegitar , fiolin og kontrabass. Soloar gjekk frå ein musikant til den nest medan gitar og bass spelte rolla som rytmeseksjon. Enkelte musikkhistorikarar hevdar at det var Eddie Lang (gitar) og Joe Venuti (fiolin) som var dei første til å spele sigøynarjazz og som så vart ført til Frankrike etter å ha vorte høyrt på konsertar eller på Okeh Records seint i 1920-åra. Denne stilen er kjend i Noreg gjennom Hot Club de Norvége (1980-).

I Sverige vart tidsskriftet Orkesterjournalen oppretta i 1933 vert det mest langvarige jazz-tidsskriftet i verda, tett etterfølgd av Down Beat (1934).

1940- og 1950-åra

Ny dixieland

Seint i 1930-åra vart dixieland-stilen igjen populær med den originale kontrapunktiske New Orleans-stilen. Dette kom hovudsakleg av at plateselskapa gav ut tidlege jazzklassikarar på nytt, som Oliver, Morton og Armstrong sine band på 1930-talet. Det var to gruppe musikarar som var involvert i dette.