mini|Mogulriket på det største, med dei første europeiske koloniane avmerkte. Mogulriket (engelsk Mughal Empire) var eit muslimsk dynasti som regjerte store delar av det indiske subkontinentet frå 1526 til 1857. Stormogulen Babur var den første herskaren (kalla mughalkeisar eller stormogul). Han kom frå nord, og erobra dei nordvestlege områda. Etterfylgjarane hans, mellom andre Akbar den store, utvida seinare riket til nesten heile den indiske halvøya. Den siste stormogulen, Bahadur Shah, vart avsett av britane.

Tidsline Usbekarane dreiv bort den tyrkiskmongolske fyrsten Babur frå riket hans i Fergana i Sentralasia. Babur lukkast i å erobra delar av noverande Afghanistan og verta herskar i Kabul. Freista av det rike Nordindia gjekk han vidare mot søraust. Takk vera sitt kavaleri og artilleri lukkast Babur i å sigra over motstandarane sine, sjølv om dei hadde større styrkar. Punjab, og store delar av nordindia vart erobra. I 1526 utropa han seg som stormogul. 1556: Akbar den store vart stormogul 13 år gammal. Han lukkast etter kvart i å utvida riket, på grunn av militære sigrar. Han førte ein tolerant politikk mot hinduar, som utgjorde folkefleirtalet. Han avskaffa såleis særskilt skattlegging av ikkje-muslimar. 1560: Malwa vart erobra 1564: Gondawa 1567: Det sterke Rajputana vart erobra 1573: Gujarat vart erobra 1574-1576: Bengal vart erobra 1580 Opprør i Bihar og Bengal 1586: Kashmir vart erobra 1593: Sindh vart erobra 1594: Baluchistan vart erobra 1595: Kandahar vart erobra, men vart teka av persarane i 1622, etter at Akbar døydde 1601: Khandesh vart erobra 1605: Djahangir vart stormogul etter at Akbar den store døydde. Persisk hoffkultur i hovudstaden Agra. kunstlivet vart dyrka. Djahangir forma den mogulske kulturen gjennom ei blandning av muslimsk, hinduisk og persisk kultur. 1627: Sjah Jahan etterfylgde Djahangir , og lét byggja Taj Mahal i tillegg til Påfugltrona. Militært vart sjah Jahan lite framgangsrik. Shah Jahan flytta hovudstaden frå Agra til Delhi, der han bygde det gigantiske fortet Shahjahanabad. Fortet inneheldt eit område for hoffet og for dei militære styrkane. 1658: Etter rykte om at sjah Jahan skulle vera sjuk, braut det ut ein maktkamp mellom sønene. Aurangzeb, den tredje sonen, lukkast i å stengja faren inne i Agra Fort, der han døydde 8 år seinare. Aurangzeb innførte særskatten for ikkje-muslimar igjen, og la ned forbod mot bygging av hindutempel. Politikken leia til fleire opprør kringom i riket. Samstundes vart ei periode avslutta, der mogulane levde eit overdådig hoffliv og la ned store pengemidlar i ymse byggjeprosjekt. Kulturlivet fekk òg lite stønad av stormogulen. 1719-1748: Under Muhammad Sjah mista stormogulane mykje av si makt. 1724: Mogulriket sin guvernør for Deccan, Asaf Jah Nizam al-Mulk, proklamerte Hyderabad som ein sjølvstendig stat. Etterfylgjarane heldt fram med å styra riket fram til India vann sjølvstende i 1947. 1739: Den iranske herskaren Nadir Shah invaderte India og plyndra Delhi. Han røva med seg Påfugltrona og Koh-i-Noor, den største diamanten i verda. 1757: Det britiske austindia-kompaniet sigra over nawaben av Bengal i slaget ved Plassey. 1858: Britisk India vart oppretta gjennom ei avgjerd i det britiske parlamentet. Britane annekterte det som var att av mogulriket.

Kategori:Indisk historie Kategori:Pakistansk historie Kategori:Bangladeshisk historie Kategori:Afghansk historie Kategori:Skipingar i 1526 Kategori:Nedleggingar i 1857 Kategori:Tidlegare land i Sør-Asia