Den 23. runden i Tippeligaen 2000 vart gjennomført med ein kamp laurdag 16. september og dei andre seks kampane sundag 17. september. Rosenborg var det einaste laget i toppen som tok tre poeng då dei vann 2-1 heime mot Bodø/Glimt. Sigeren tok dei opp i ein åtte poengs leiing med berre tre kampar og ni poeng att å spele for. Viking spelte uavgjort 1-1 heime mot Vålerenga. Brann og Stabæk spelte 2-2 i toppkampen i Bergen. Dei fire øvste plassane var dermed uendra etter denne runden.

I botnkampen møttest Start og Haugesund, og Start vann 2-1 i bortekampen. Det var den tredje kampen Start vann på rad, og dei var no på like mange poeng som Vålerenga på kvalikplassen. Haugesund hamna fire poeng bak på sisteplassen. Bryne på plassen over klarte 1-1 mot Molde og fekk ei luke på fire poeng ned til kvalikplassen.

Statistikk Mål i alt: 18 Snitt mål: Tilskodarar totalt i serierunden: Tilskodarsnitt per kamp: Flest tilskodarar: (Rosenborg BK - FK Bodø/Glimt) Færrest tilskodarar: (FK Haugesund - IK Start) Gule kort: 17 Utvisingar: 1

Kampfakta

*23