Herøy kommune er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Herøy grensar mot Sande i sørvest, mellom Gursken og Leikong på Gurskøy. Over Rovdefjorden i sør grensar Herøy mot Vanylven og Volda kommune. I aust går grensa mot Ulstein ved Dragsundbrua over til øya Hareidlandet. Ein person frå Herøy vert kalla ein herøyværing.
Herøy har 8 353 innbyggjarar (2008). Kommunesenteret Fosnavåg ligg på Bergsøya, og har sidan 2000 hatt bystatus.
Geografi Herøy er ein øykommune utan direkte fastlandstilknytning, men der bruer knyter saman alle øyane med busetnad. Han omfattar nordaustdelen av Gurskøya, som utgjer over halvparten av flatevidda til kommunen (68,5 km²) og øygruppa Sørøyane med mellom anna Leinøya (14,4 km²) og Bergsøya (7,6 km²). Andre mindre øyar er Nerlandsøya (14,6 km²), Skorpa (2,8 km²), Remøya (3,6 km²) og Herøya (0,2 km²).
Øya Runde (6,2 km²) er kanskje den mest kjende staden i Herøy, både nasjonalt og internasjonalt. Rundefjellet er det sørlegaste fuglefjellet i Norden, det største sør for Røst, og med koloniar av mellom anna lundefugl. På Runde ligg Runde Miljøsenter som er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar.
Hurtigruta har Torvik på Leinøya som ein av dei faste stoppestadane.
Kultur og idrett Herøy har to lokalaviser. Papiravisa Vestlandsnytt og nettavisa Herøynytt.
I Herøy er det tre kyrkjesokn Herøy, Indre Herøy og Leikanger, ei frikyrkje, ei pinsekyrkje og 13 bedehus.
Kyrkja har òg har hatt ein sterk posisjon i Herøy, noko som har ført til at mykje av kulturlivet har vore knytt opp mot kyrkjene og bedehusa. Spesielt etter andre verdskrigen byrja òg idretten å ta seg opp, og Bergsøy IL vart oppretta i 1944, Moldtustranda IL i 1950 og i 1974 Tjørvåg IL. Bortimot 10 % av ibuarane i kommunen er medlem i Bergsøy IL.
Gurskøy Idrettslag vart stifta i 1920 og har både klubbhus og stadion på Leikong, Gurskøy.
I 1982 stod Herøy kulturhus ferdig, eit fleirbruksbygg som gjorde det mogeleg å samle mykje av kulturaktivitetane under same tak, mellom anna teater, musikk, kino, kunstutstillingar og innandørsidrett. Med Herøyspelet Kongens Ring fekk kommunen sitt eige historiske spel i 1992, og i 2002 opna Jakobsenhuset dørene, ein arena for mindre og kanskje smalare kulturelle aktivitetar. I oktober 2014 vart Fosnavåg Konserthus opna.
I Fosnavåg vert det arrangert Maritim Sommarfestival, Makrellfestival og Pirfestival.
Forsking Runde Miljøsenter Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Miljøsenteret husar òg ei fugleutstilling og ei utstilling av gull- og sølvmyntar og andre gjenstandar frå Akerendamforliset. Sidan staden ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, har bygget det fremste innan miljøteknologi, med fokus på miljøvenleg bygningsmateriale, energieffektivitet, vassparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn. I Miljøsenteret er det offentleg toalett.
Folketalsutvikling
Merknadar
Galleri
Kjende personar frå Herøy Olav Paulson (1822–1896), lærebokforfattar Bjarne Rabben (1907–2003), ferdatalar for fråhaldssaka, forfattar og historikar Per Sævik, skipsreiar og politikar (Kristeleg Folkeparti) Ragnar Thorseth (1948–), forfattar og eventyrar Trond Waage (1953–), pedagog og tidlegare barneombod Gerald Pettersen, skodespelar Lars Ivar Moldskred, fotballspelar Svein Møller (1958–1999), kantor og komponist Trude Teige (1960–), journalist og forfattar May-Britt Moser (1963–), psykolog og hjerneforskar Arnulf Goksøyr (1963–), politikar Laura Djupvik (1970–), journalist og forfattar Harald Thorseth (1950–), journalist, forfattar, omsetjar og lokalhistorikar
Sjå òg Øyar, holmar og skjer i Herøy Gardar i Herøy Grunnkrinsar i Herøy Bruer i Herøy Runde Miljøsenter Runde Turistinformasjon
Kjelder
Bakgrunnsstoff Herøy kommune Nettavisa Herøynytt Nettstaden til Runde Miljøsenter
Kategori:Sunnmøre Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal