Ъ (liten bokstav ъ) er ein kyrillisk bokstav som opptrer i det bulgarske og det russiske alfabetet. Det finst ingen tilsvarande bokstav i det latinske alfabetet. Han blir også kalla «hardt teikn» eller «stor jer».
Bulgarsk I det bulgarske alfabetet er Ъ den 27. bokstaven. Her er han kjend som ер голям (er goljám) ‘stor jer’. Han blir nytta til å uttrykka fonemet midtre bakre urunda vokal , som av og til også blir vist som ein schwa .
Russisk mini|venstre|Frå Alexandre Benois si abc-bok frå 1904. Sida viser dub′ (rik), v′yezd′ (høgtideleg inngang) og syr′ (ost).
Ъ er den 28. bokstaven i det russiske alfabetet, og er kjend som твёрдый знак (tvjordyj znak) ‘hardt teikn’. Før revolusjonen i 1917 var han vanleg i russisk rettskriving, men i moderne russisk er han meir sjeldan. Han uttrykker ikkje ein lyd på russisk, men blir nytta ortografisk. Han har som funksjon å skilja prefiks som endar i konsonantar frå morfem som byrjar med ein vokal som har j-lyd framfor seg, og viser at j-lyden framleis skal uttalast. Ein finn han derfor berre framfor я, е, ё og ю (ja, je, jo og ju).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hard sign» frå , den 22. mars 2024.
Kategori:Det kyrilliske alfabetet