Theresa Eslund (fødd Theresa Nielsen ) er ein dansk tidlegare fotballspelar.

Spelarkarriere Nielsen var med å vinne den danske Elitedivisionen med Brøndby ei rekkje gongar. I 2012 vart ho kåra til årets kvinnelege fotballspelar i Danmark.

Før 2017-sesongen signerte Nielsen for Vålerenga i Toppserien. Ho vart i 2017 rangert som nr. 52 på lista over dei 200 beste kvinnelege fotballspelarane i verda av The Offside Rule, ein podcast av The Guardian. Ho spela totalt 26 kampar og scora to mål for Vålerenga i 2017-sesongen, og var med på å spele laget til cupfinale.

I januar 2018 signerte Nielsen for amerikanske Seattle Reign FC. I november 2019 vart det kjent at Eslund vende tilbake til Brøndby.

I mai 2021 kunngjorde Eslund at ho la opp som fotballspelar.

Eslund spela 133 kampar for det danske A-landslaget, og scora fem mål. I EM 2017 scora ho målet som sende Danmark til semifinale etter å ha slege Tyskland 2–1. Danmark tok til slutt sølv i meisterskapen.

Privatliv Eslund gifta seg i 2018, og i 2019 bytta ho etternamn frå Nielsen til Eslund.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Theresa Eslund» frå , den 9. november 2022.

Kategori:Danske fotballspelarar