Raylee Charlotte Kristiansen () er ein norsk songar, dansar og skodespelar frå Tromøy i Arendal. Ho er kjend frå fleire tv-program, blant anna Stjernekamp, Skal vi danse og Melodi Grand Prix.
Bakgrunn Kristiansen er oppvaksen på Tromøy utanfor Arendal og vart kjend som barnestjerna «Lotta». Ho vart kjend med songen «Hvem eier», som er sett over 1,2 millionar gongar på YouTube. Som elleveåring hadde ho si fyrste store rolle, da ho spela hovudrolla i ei oppsetjing av Annie i Oslo hausten 2008.
Kristiansen vann LOS Fondets drøymekonkurranse i Kristiansand Dyrepark i 2008 og brukte premien på 100 000 kroner til å gje ut musikkalbumet Min egen stil, i samarbeid med Ronny Janssen i hans studio Snakehips 15. juni 2009. Dette førte til platekontrakt med Sony Music Entertainment. 27. mai 2011 gav Kristiansen ut sitt andre album, Bevis at du tør, på plateselskapet MTG Music. I 2017 gav ho ut sin fyrste eigenskrivne låt, «Love Me».
Kristiansen har delteke i fleire tv-program. Hausten 2014 deltok hun i den tredje sesongen av Stjernekamp på NRK1.NRK: Her er artistene i Stjernekamp 2014 Publisert 17. juni 2014. Besøkt 26. oktober 2014. Våren etter deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Louder», og same år song ho årets BlimE!-låt «Dilla på». Hausten 2016 enda ho på tredjeplass i den tolvte sesongen av Skal vi danse på TV 2. I 2020 deltok ho i Melodi Grand Prix på ny, med låten «Wild». Ho enda til slutt på ein tredjeplass i finalen, og «Wild» nådde ein 24. plass på VG-lista.
I 2021 deltok Kristiansen på ny i Melodi Grand Prix, med songen «Hero». I 2021 var ho deltakar i gameshowet Fangene på fortet.
Diskografi Album 2009 – Min egen stil 2011 – Bevis at du tør
Singlar 2009 – «Rundt og rundt» 2013 – «Get Ya Heels On» 2014 – «We Make it Burn» 2014 – «Back to Now» 2014 – «Wish for You» 2015 – «Louder» 2016 – «Falling Awake» 2016 – «Bare vi» 2017 – «Love Me» 2020 – «Wild» 2020 – «Unspoken» 2021 – «Hero» 2026 – «Where Did Your Friend Go?»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Raylee» frå , den 10. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske songarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Skal vi danse-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2015-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2020-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2021-deltakarar Kategori:Folk frå Arendal