Hemipilia cucullata, tidlegare Ponerorchis cucullata og Neottianthe cucullata, er ei plante i slekta Hemipilia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.
Systematikk H. cucullata var opphavleg knytt til slekta Neottianthe, men ein studie i 2014 synte at slektene Neottianthe, Amitostigma og Ponerorchis ikkje var var monofyletiske grupper, og dei vart derfor samla i slekta Ponerorchis. I nyare klassifiseringar er heile slekta Ponerorchis innlemma i slekta Hemipilia, slik at arten no heiter Hemipilia cucullata.
Utbreiing Arten finst i Polen og Baltikum og austover gjennom Asia til Japan.
H. cucullata veks på nokre få spreidde stader i Latvia (latvisk namn cepurainā neotiante) og er på den latviske raudlista klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana). I Litauen (litauisk namn miškinė plikaplaiskė) er arten klassifisert som kritisk truga (CR) med berre nokre få små populasjonar aust i landet. I 2024 vart det første funnet av arten gjort heilt sør i Estland (estisk namn sale tanukeel). I Polen (polsk namn kukuczka kapturkowata) er det registrert nokre få funn heilt i nordaust, og han er rekna som kritisk truga (CR, krytycznie zagrożony).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Hemipilia