miniatyr|Ei fiskeørn som stiller. Å «stille», òg nemnd å «rytle», er ein flygeteknikk hos nokre artar av fuglar og insekt som «står stille» i lufta ved hjelp av kraftige vengeslag.

Når fuglar stiller vil hovudet liggje stasjonært i forhold til bakken over tid. Å stille er svært energikrevjande for fuglen og kan også krevje løftekraft via vind. Teknikken blir til dømes brukt av fleire terner, isfuglar og rovfuglar når dei søkjer næring, vanlegvis i ope landskap eller over vatn. Ein teknikk ved næringssøk er at fuglen stiller høgt opp på himmelen, for så å gå ned litt, og til slutt dukke lynraskt og prøve å fange bytet. Andre artar stiller i staden i lågare høgd og dukkar rett etter bytet. Nokre fuglar, som lerker, stiller under spelflukta, og nokre småfuglar som meiser og flugesnapparar kan nokre gonger sjåast å stille medan dei søkjer. Sjølv kolibriar står stille i lufta når dei syg nektar frå blomstrar, men bruker ein heilt annan flygeteknikk.

Frå ordforklaringar i bøker på norsk bokmål: Stille = «rytle, stå stille i luften på flagrende vinger (f.eks. tårnfalk).»

Rytle - «Fugler som stiller eller står stille i luften mens de tar til seg næring eller speider etter byttedyr.»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ryttla» frå , den 15. mai 2023

Kategori:Fugleåtferd