Arena Birmingham er ein innandørs konsertarena i Birmingham i Storbritannia. Arenaen har NEC Group som eigar, og ligg i Birmingham sentrum. Han opna dørene i 1991 under namnet National Indoor Arena, som det største i sitt slag i Storbritannia. Etter ei større ombygging i 2013–2014, opna arenaen på nytt i desember 2014 som Barclaycard Arena. I 2017 fekk bygninga sitt noverande namn. Arenaen har plass til publikummarar og arrangerer alt frå konsertar og idrettskampar til konferansar og utstillingar.
Historie Bygginga starta i 1988, og National Indoor Arena blei offisielt opna 4. oktober 1991 av idrettsutøvaren Linford Christie. Dei fyrste åra blei anlegget brukt til både underhaldingstilstellingar og idrettsarrangement. Blant anna blei Eurovision Song Contest 1998 arrangert i arenaen i mai 1998.
I 2012 godkjente Birmingham byråd planane om å pusse opp og byggje om arenaen. Arbeida starta i juni året etter, og blant anna blei eksteriøret bytta. Det blei også gjort større ombyggingar inne i sjølve arenaen. Den ombygde arenaen fekk namnet Barclaycard Arena og opna i 2. desember 2014 med ein konsert med Michael Bublé.
Arenaen fekk sitt noverande namn i september 2017.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arena Birmingham» frå , den 17. mai 2023.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside
Kategori:Idrettsanlegg i England Kategori:Konsertlokale i England Kategori:Eurovision Song Contest 1998 Kategori:Eurovision Song Contest-arenaer