mini|Huascarán sett frå Yungay. Huascarán er det høgste fjellet i Peru. Det har ei høgd på 6 768 moh., og er det fjerde høgste fjellet i Sør-Amerika. Fjellet ligg i Huascarán nasjonalpark i Andes i Ancash-regionen i det nordlege Peru.

Huascarán er eit fjellmassiv med tvillingtoppar; ein nord og ein sørtopp. Den nordlege toppen har flest oppstigningar. Eit klatrelag med A.S. Peck, R. Taugwalder og G. zum Taugwald var dei første som nådde nordtoppen den 2. september 1908, medan P. Borchers, W. Bernhard, H. Hoerlin, E. Hein og E. Schneider var dei første på sørtoppen den 20. juli 1932.

I mai 1970 skjedde ein naturkatastrofe ved Huascarán då eit snø- og steinskred utsletta byen Yungay med over 20 000 innbyggjarar. Skredet vart utløyst av eit stort jordskjelv som elles gjorde mykje skade i nordlege Peru.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Huascarán» frå , den 22. oktober 2006.

Bakgrunnsstoff Nettstaden Andeshandbook om Huascarán

Kategori:Fjell i Peru Kategori:Høgaste punkt Kategori:Ancash-regionen