Norges Judoforbund (NJF) vart skipa 28. juni 1967 og er eit særforbund for judo under Noregs Idrettsforbund. Forbundet er tilknytt Det europeiske judoforbundet og Det internasjonale judoforbundet. Forbundet har i 2023 om lag 66 klubbar og 4200 utøvarar.

Dei første judoutøvarane i Noreg byrja å trena judo i Oslo i 1951. Her deltok mellom andre Henrik Lundh, som har fått æra for å vera den som først tok sporten til Noreg, og var den første nordmannen med svart belte (1. dan). Denne gruppa skipa den første norske judoklubben, Norsk Judo og Jiu-jitsu Klubb (NJJK), i 1960. Utøvarar frå NJJK og Oslostudentene tok seinare initiativet til å skipa eit norsk judoforbund.

Kjelder wiki.judoinfo.no - Judoforbundet sin historiewiki. Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Judo Judo Kategori:Judo i Noreg Kategori:Skipingar i 1967 Kategori:Judoforbund