Innovasjon- og teknologipartiet (ITP), tidlegare Piratpartiet, er eit norsk politisk parti som ifølgje det politiske programmet sitt fører ein politikk basert på at «kunnskap og kultur skal deles og gjenbrukes, at individets rettigheter skal forsvares, og at Internett muliggjør en mer direkte og demokratisk politisk modell».
Partiet blei stifta i 2012, men har hatt låg oppslutning ved val. Ved stortingsvalet i 2021 fekk partiet 2 308 røyster, noko som svara til under 0,1 % av samtlege gjevne røyster.
Den 11. mars 2023 vedtok landsmøtet å bytte namn på partiet til Innovasjon- og teknologipartiet.
Program og ideologi Grunnprinsippa til Innovasjon- og teknologipartiet per 2017 var «full åpenhet i statsforvaltningen, personvern på internett samt mer og bedre bruk av IT og teknologi for å få til et best mulig demokrati». I valprogrammet for 2017 hadde partiet også politikk på ei rekkje andre saksområde.
Per 2023 har Innovasjon- og teknologipartiet definert følgjande verdiar som grunnlag for politikken til partiet.
Vi er frie Vi respekterer privatliv Vi er kritiske Vi er rettferdige Vi respekterer liv Vi ivrar etter kunnskap Vi er solidariske Vi er internasjonale
Historikk I 2009 skreiv enkelte medium om at det svenske Piratpartiet ville starte eit systerparti i Noreg, og Piratpartiet Noreg blei resultatet. 16. juni 2012 inviterte partiet til startmøte i Trondheim for å bli einige om ein strategi for å skaffe dei 5 000 underskriftene som lova kravde for at eit politisk parti skulle bli registrert i partiregisteret. Partiet hadde fått 5257 underskrifter den 16. desember 2012, og desse underskriftene blei sende inn til registrering.
Piratpartiet blei offisielt registrert i partiregisteret i Brønnøysundregistera 24. januar 2013. Partiet blei landsdekkjande den 2. april 2013, då det blei etablert fylkeslag og levert inn vallister i alle fylka. Ved stortingsvalet i 2013 var kampen mot Datalagringsdirektivet ei av hovudsakene til partiet.
I mars 2023 endra Piratpartet namn til Innovasjon- og teknologipartiet.
Internasjonal tilknyting Partiet er ein del av den internasjonale piratpartirørsla Pirate Parties International.
Valresultat Stortingsvalet 2013 Piratpartiet stilte lister i alle fylka til stortingsvalet 2013 og oppnådde 9869 røyster, det vil seie 0,35 prosent av samtlege gjevne røyster.
Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 Ved kommunestyre- og fylkestingsvalget 2015 fekk Piratpartiet 7165 røyster i fylkestingsvalet, som svarar til 0,3 % av røystene, i tillegg til 1428 røyster i kommunevalet fordelte på Oslo, Trondheim, Kristiansand og Kongsberg.
Piratpartiet stilte også liste i 13 fylke, tre kommunar (utanom Oslo) og ein Oslo-bydel til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015. Dei stilte under stortingsvalet 2017 med lister i elleve fylke. Ved stortingsvalet 2013 blei partiet det tolvte største partiet i Noreg i røystetal med 9868 røyster, men utan stortingsrepresentantar. Dei fekk flest røyster i Sør-Trøndelag, med 0,5 % av røystene.
Stortingsvalet 2017 Ved stortingsvalget 2017 fekk Piratpartiet 3348 røyster totalt, og blei dimed det 15. største partiet i Noreg.
Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 Ved kommunestyre- og fylkestingsvalget i Norge 2019 fekk Piratpartiet 908 røyster totalt i Oslo og Bergen, som var dei einaste kommunane dei stilte liste i, og 3538 røyster totalt i fylkestingsvalet, der dei stilte liste i dei fire fylka Agder, Trøndelag, Vestland og Viken. I Arendal stod politisk nestleiar Svein Mork Dahl på 18. plass på den tverrpolitiske Hovelista, men enda opp på 9. plass etter at personrøyster og slengjarar var talde opp. Hovelista fekk 5,9 % av røystene ved valet, og to innvalde representantar. Dahl blei nestleiar i Klageutvalget og Sakkyndig ankenemnd eiendomsskatt i Arendal kommune etter valet, men seinare leiar for Sakkyndig ankenemnd i Arendal kommune. +StortingsvalÅrstallRøyster ProsentMandat20139 8690,3%020173 356 0,1% 020212 308 0,08% 0
+FylkestingsvalÅrstallRøyster ProsentMandat20157 1650,3%020193 5380,1%0 +KommunestyrevalÅrstallRøyster ProsentMandatOrdførarar201514280,05%002019908 0,03% 00
Partileiing Svein Mork Dahl blei vald til leiar av partiet i 2019 og er fortsatt leiar (per mars 2023). Olav Handeland er organisatorisk nestleiar og Kari Toreskaas er politisk nestleiar. +Tidlegare partileiararPeriodeNamn2012–2013Geir Aaslid2013–2015Øystein Bruås Jakobsen2015–2017Tale Haukbjørk Østrådal2017–2019Thomas Gramstad2019–Svein Mork Dahl
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Innovasjon- og teknologipartiet» frå , den 9. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske politiske parti Kategori:Politiske parti skipa i 2012 Kategori:2012 i Noreg