The Soup Dragons er eit skotsk alternativt rockeband frå slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet. Det har namn etter ein figur i barne-TV-serien Clangers frå 1970-talet. Gruppa er best kjend for coverversjonen sin av Rolling Stones sin song «I'm Free», som var ein Topp 5-hitt i Storbritannia i 1990; og «Divine Thing», ein Topp 40-hitt i USA i 1992.

Historie Soup Dragons blei danna i Bellshill, ein by nær Motherwell, i 1985.Thompson, Dave (2000) Alternative Rock, Miller Freeman, San Francisco, , p.646-647 Medlemmane var Sean Dickson (vokal, hovudgitar) (fødd 1966), Jim McCulloch (gitar, andrestemme) som erstatta Ian Whitehall, og Sushil K. Dade (bass, fødd 1966 i Glasgow). Den opphavlege trommeslageren Ross A. Sinclair (fødd 1966 i Bearsden i Glasgow) forlet gruppa etter det fyrste albumet, This Is Our Art, for å følgja ein karriere i kunst, og han blei erstatta av Paul Quinn (fødd 9. august 1963). Dei fleste songane deira var skrivne av Sean Dickson.

The Soup Dragons blei oppløyst i 1995. Paul Quinn blei med i Teenage Fanclub. Sushil K. Dade danna den eksperimentelle postrock-gruppa Future Pilot A.K.A. og blei seinare produsent for BBC Radio 3. Sean Dickson skipa The High Fidelity og har gjeve ut mange album med andre kunstnarar som Bootsy Collins, Yoko Ono, Crystal Waters og David McAlmont. Jim McCulloch blei med i Superstar, skreiv og spela inn musikk saman med Isobel Campbell, og danna folk-gruppa Snowgoose. Ross A. Sinclair hadde ei vellykka karriere innen kunst, og vann ei rekkje internasjonale prisar. +Liste over album, med utvalde plasseringarTittelDetaljarTopplasseringarUKAUSNZUSThis Is Our Art Gjeve ut: 1988 Format: LP, CD, kassett Selskap: Sire60———Lovegod Gjeve ut: 1990 Format: LP, CD, kassett Selskap: Big Life7542788Hotwired Gjeve ut: 1992 Format: LP, CD, kassett Selskap: Sire74——97Hydrophonic Gjeve ut: 1994 Format: 2×LP, CD, kassett Selskap: Sire————

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Soup Dragons» frå , den 1. februar 2024.

Kategori:Musikkgrupper skipa i 1985 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1995 Kategori:Skotske rockegrupper