Diljá Pétursdóttir () er ein islandsk songar. Ho opptrer under fornamnet Diljá og vann den islandske songtevlinga Söngvakeppnin i 2023 og representerte Island i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool med låten «Power».
Bakgrunn Pétursdóttir blei kjend for det islandske publikum i 2015, då ho deltok i talentprogrammet Ísland Got Talent. I 2020 flytta ho til København, der ho studerte fysioterapi og tok songtimar samstundes.
I januar 2023 blei Pétursdóttir stadfesta som ein av deltakarane til den årlege songtevlinga Söngvakeppnin, der vinnaren får representere Island i Eurovision Song Contest. 18. februar slapp ho deltakerlåten «Lifandi inni í mér» (‘levande inni meg’) og kvalifiserte seg til finalen 4. mars 2023. I finalen hadde låten fått engelsk tekst og tittelen «Power». Ho vann finalen og fekk dimed representere Island i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Etter sigeren nådde «Lifandi inní mér» 11. plassen på den islandske singellista, mens «Power» låg på 29. plass. I Eurovision Song Contest enda ho på 11. plass i den andre semifinalen og var dimed ikkje kvalfisert til finalen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Diljá Pétursdóttir» frå , den 2. mars 2024.
Kategori:Islandske songarar Kategori:Islandske låtskrivarar Kategori:Islandske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Islandske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar