Chonthicha Jangrew () er ein thailandsk menneskeretts- og demokratiaktivist, og parlamentsmedlem for det sosialdemokratiske og progressive partiet Phak Prachachon (etterfølgjarpartiet til Gå framover).

Ho byrja å slost for demokrati i demonstrasjonar mot den thailandske rojalist- og militærstøtta regjeringa som etterfølgde militærkuppet i 2014. Ho var medgrunnleggjar av den thailandske prodemokrati-gruppa Democracy Restoration Group, og deltok vidare i dei studentleidde demonstrasjonane i Thailand i 2020 som kravde at dåverande statsminister Prayut Chan-o-cha skulle gå av.

Ho vart omtalt av nyheitsmagasinet Time som ein av «Times neste generasjons leiarar 2024».

Kjelder

Bakgrunnsstoff Chonthicha «Lookkate» Jangrew på Facebook Chonthicha «Lookkate» Jangrew på Tiktok Thailand’s Activist-Turned-Politician Fighting for Democracy

Kategori:Thailandske aktivistar