Bernard Goumou () er ein guineansk politikar som var statsminister i Guinea frå 17. juli 2022 til 19. februar 2024. Han er partipolitisk uavhengig og blei utnemnd av dei militære som tok makta i landet i eit statskupp 5. september 2021. Den dåverande presidenten Alpha Condé blei avsett og fengsla under kuppet, og leiaren for dei militære spesialstyrkane, oberstløytnant Mamady Doumbouya, utnemnde seg sjølv til president. Kuppet blei fordømt av ei rekkje land.

Bakgrunn Før han gjekk inn i politikken var Goumou administrerande direktør i Lanala Assurance frå 2017.

Politisk karriere Etter statskuppet i Guinea 5. september 2021 blei Goumou utnemnd til handels- og industriminister i regjeringa til den fungerande statsministeren frå 27. oktober 2021. Den 17. juli 2022 blei han utnemnd til fungerande statsminister av president Mamady Doumbouya etter at dei militære hadde erklært Béavogui ueigna til embetet på grunn av helsemessige årsaker. Béavogui hadde då vore fråverande ein månad medan han fekk medisinsk behandling i Italia. Den 21. august blei Goumou utnemnd til statsminister. Utnemninga blei kunngjord på den nasjonale fjernsynskanalen.

Goumou gjekk av som statsminister 19. februar 2024 då regjeringa hans blei oppløyst. Han blei etterfølgd av Bah Oury.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bernard Goumou» frå , den 9. oktober 2024.

Kategori:Guineanske statsministrar Kategori:Guineanske handelsministrar Kategori:Guineanske industrisministrar