Heppenheim er ein by og ein kommune sør i forbundslandet Hessen i Tyskland, om lag 20 kilometer nordaust for Mannheim. Kommunen omfattar 52,1 km², medrekna ein enklave langs og over grensa mot forbundslandet Baden-Württemberg i aust. I kring 28 000 menneske bur i kommunen. Byen Heppenheim hyser administrasjonen for Landkreis Bergstraße.
Freie Demokratische Partei vart skipa i Heppenheim i 1948. Bilføraren Sebastian Vettel er frå Heppenheim.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Heppenheim (Bergstraße)» frå , den 18. april 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Hessen