Guaiacum officinale, også kjend som guajaktre, lignum vitae (‘livsens tre’), lignum sanctum og pukkenholt eller pokkenholt, er ein type tre i plantefamilien Zygophyllaceae som stammar frå Karibia og nordkysten av Sør-Amerika.

Skildring Dette vesle treet veks svært seint, og kan bli kring 10 meter høgt med ein stammediameter på 60 cm. Treet er i røynda eviggrønt i det meste av det opphavlege vekseområdet sitt. Blada er samansette, 2,5-3 cm lange og 2 cm breie. Blomane er blåe med fem kronblad. Dei danna ei gul-oransje frukt med raudt fruktkjøt og svarte frø.

Symbolikk Guaiacum officinale er nasjonalblomen til Jamaica.

Bruk Guaiacum officinale er ein av to arter som er opphav til verkeleg lignum vitae eller pukkenholt, den andre er Guaiacum sanctum. Guajakharpiks er eit fargelaust materiale som har mange medisinske nytteområde.

Bevaring Arten blei oppført som truga av IUCN i 2019. Han er blitt overbeskatta for det verdifulle trevirket og den medisinske bruken. Arten er plassert i CITES Appendix II, og internasjonal handel med han er difor avgrensa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guaiacum officinale» frå , den 12. november 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Plantar i Sør-Amerika