Anne Elizabeth Henning () er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar og lærar, oppvaksen i Northbrook i Illinois. Ho vart i 1972 olympisk meister på 500 meter.

I februar 1971 vart 15 år gamle Henning nummer 2 i verdsmeisterskapen i sprint i Inzell. Ved det høvet sette ho ny verdsrekord på 500 meter om laurdagen til 42,91 sekund, og forbetra rekorden til 42,75 om sundagen.

Vinteren forbetra 1972 forbetra Henning verdsrekordane på så vel 500 m som 1 000 m. Under dei olympiske vinterleikane i Sapporo i 1972 vart ho hindra på 500-meteren og fekk gå omatt. I omløpet forbetra ho tida si til 43,33 og tok gullmedaljen. 16 år gamle Henning vart, og er, den yngste gullvinnaren i den olympiske skeisesoga. På 1000 m tok Henning bronsemedaljen bak den store overraskinga, Monika Pflug, og berre 0,01 sekund bak sølvmedaljør Atje Keulen-Deelstra.

Deretter la Henning vekk skeisene.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anne Henning» frå , den 23. februar 2026.

Kategori:Skeiseløparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1972