mini|Fans av Boca Juniors syng «El que no salta, se fue a la B» (Den som ikkje hoppar går til B) på gata i Buenos Aires, eit døme på ein song retta not ein rivaliserande klubb (songen spottar det rivaliserande laget River Plate, som ein gong blei relegert til Nacional B-divisjonen.) Fotballsong er ein type synging eller messing som blir utført av tilskodarar til fotball, vanlegvis under fotballkampar. Fotballsongar er eit uttrykk for kollektiv identitet, som oftast blir nytta av fotballtilhengjarar for å uttrykke stoltheit over laget dei støttar, eller å oppmuntra det, og å feira ein viss spelar eller manager. Fansen kan òg nytta fotballsongar til å rakka ned på motstandaren, Mange fans syng songar om erkerivalane sine sjølv når dei ikkje spelar mot dei. Nokre gonger er songane spontane reaksjonar på hendingar på banen.
Fotballsongar kan vera enkle, med nokre få høge rop eller tala ord, men er oftare korte linjer av tekstar og til tider lengre songar. Dei blir vanlegvis utført repeterande, til tider i lag med klapping, men til tider kan dei vera meir utarbeidde og involvera bruk av musikkinstrument, rekvisittar eller koreograferte rutinar. Dei er ofte tilpassingar av populære songar der dei brukar melodiane som grunnlag for songane, men nokre er heilt originale.
Ein kjenner til fotballsongar frå slutten av 1800-talet og framover, men dei utvikla seg til dei populære formene ein kjenner i dag på 1960-talet. Songane kan vera historiske, til dømes ved å gå tilbake til grunnlegginga av ein klubb og sunge gjennom mange år slik at dei blei sett på som viktige songar for desse klubbane. Dei kan òg vera populære i berre ei relativt kort tid, sidan nye songar konstant blir laga og forkasta. Tradisjonar med fotballsongar er ulike frå land til land og lag til lag, men nokre songar er felles for mange klubbar og er populære internasjonalt. Fotballsongar kan reknast som ein gjenverande type munnleg folkesongtradisjon.Chris Roberts, Heavy Words Lightly Thrown: The Reason Behind Rhyme, Thorndike Press, 2006 ()
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Football chant» frå , den 18. mars 2026.
Kategori:Fotball Kategori:Folkemusikk