Jens Christian Bertelson () var ein norsk kjøpmann og politikar frå Fredrikshald. Han eigde og dreiv teglverk, tobakkspinneri, brennevinsbrenneri og bakeri. I 1849 byrja han som meklar.

Bertelson var frå 1838 medlem i det fyrste formannskapet i Fredrikshald, perioden 1842–49 som ordførar. Også forlikskommissær. Hausten 1850 vart han vald til stortingsmann for Fredrikshald. I stortinget var han medlem i Justiskomite nr 1, Lovkomiteen og ko i komiteen om sukkerfabrikken i Fredrikshald.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar for Fredrikshald Kategori:Ordførarar i Halden Kategori:Folk frå Halden