A Collection of Great Dance Songs er eit samlealbum av Pink Floyd som kom ut 23. november 1981, mot Roger Waters si vilje. Albumet er unikt fordi det har forskjellige miksar av «Shine On You Crazy Diamond» (som består av delane 1, 2, 4 og 7) og «Another Brick in the Wall (Part 2)» (som kombinerer introen frå singelmiksen med albumversjonen, medan den tonar ut under «if you don't eat your meat»-seksjonen). Sporet «Money» vart spelt inn på ny sidan Capitol Records nekta å la Columbia Records bruke sporet i USA. Derfor tok David Gilmour og spelte songen inn på nytt der han speler nesten alle instrumenta sjølv, både trommer, gitarar, tangentar, bassgitar og vokal. Songen var produsert i lag med James Guthrie. Dick Parry spela saksofon, som på originalen. Det er nokre små skilnadar mellom dei to versjonane, hovudsakleg i saksofon- og gitarsoloane.

Tittelen på plata er meint ironisk, sidan Pink Floyd ikkje var kjend for å lage musikk ein kunne danse til. Dette kan ein òg sjå på omslaget, som viser bilete av to dansarar som er bardunert til golvet slik at dei ikkje kan røre seg. Hipgnosis laga coveret under eit psevdonym fordi dei hadde blitt uvener med Roger Waters.

Albumet nådde 37. plass på den britiske album lista og 31. plass i USA. Columbia gav ut ei CD-utgåve av albumet i 1997 med betre digital lyd.

Innhald

Den brasilianske versjonen inneheld «The Gunner’s Dream» (Roger Waters) (som seinare kom på The Final Cut) i staden for «One of These Days».

Medverkande David Gilmour - Gitar, bassgitar, vokal, alle instrument på «Money» (bortsett frå saksofon) Roger Waters - Bassgitar, vokal, rytmegitar på «Sheep» Richard Wright - Tangentar, synthesizer, vokal Nick Mason - Trommer og perkusjon, stemme på «One of These Days» Dick Parry - Saksofon

Hipgnosis - Albumdesign (under psevdonymet TCP)

Salslister og salstrofé

Salslister Liste (1981–82)PlasseringAustralia (Kent Music Report)14

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «A Collection of Great Dance Songs» frå , den 10. juli 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Samlealbum frå 1981 Kategori:Album produserte av Bob Ezrin Kategori:Album produserte av David Gilmour Kategori:Album produserte av Nick Mason Kategori:Album produserte av Richard Wright Kategori:Album produserte av Roger Waters Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Plateomslag av Storm Thorgerson Kategori:Samlealbum av Pink Floyd Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Capitol Records-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Harvest Records-album Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios