mini|Korallsand frå ein strand på Aruba. mini|Korallsand på Bermuda. Korallsand er ein type sand med partiklar av aragonitt som kjem frå tropiske og subtropiske marine miljø. Partiklane er hovudsakleg danna gjennom bioerosjon av kalksteinmateriale frå skjeletta til marine organismar. Dei blir ofte danna ved hjelp av koralletande dyr, som papegøyefiskar, som skil ut sanden etter fordøying. Omgrepet «korall» i korallsand blir likevel brukt nokså laust for å visa til kalkstein av nyleg biologisk opphav; korallar er ikkje dei dominerande bidragsytarane til sandpartiklane i dei fleste sandslaga. I staden er sanden ei blanding av korall og/eller restar av skjelettfragment av poredyr, kalkalgar, blautdyr og krepsdyr. Fordi han inneheld kalkstein, er korallsand syreløyseleg.
Utgraving av korallsand er ei viktig næring nokre stader, og kan gjera skade på miljøet. På Mauritius blei det vunne ut over 500 000 tonn korallsand fram til verksemda blei forboden i oktober 2001. Mange strender på Komorane har sår etter sandutvinning. Utvinning har flytta frå uttømte område i Tanzania og Kenya til Zanzibar og Mafiaøya.
Slik omfattande utgraving kan vera særs skadeleg for rev og strender. For Nord-Malé er det estimert at om utvinninga held fram i same skala som før vil forsyninga av levande korallar frå indre atollar bli uttømde innan 30 år.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Coral sand» frå , den 7. september 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Korallrev Kategori:Kalkstein Kategori:Sand