mini|Stadsbygd kyrkje Fosen prosti er eit tenestedistrikt i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Frå 1. januar 2018 femner det kommunane Bjugn, Indre Fosen, Osen, Roan, Ørland og Åfjord i Trøndelag.Til og med 31. desember 2017 femna prostiet kommunane Bjugn, Osen, Rissa, Roan, Ørland og Åfjord i Sør-Trøndelag, og Leksvik i Nord-Trøndelag.

Prosten har sete i Stadsbygd kor Stadsbygd kyrkje er prostikyrkje. Stadsbygd kyrkje frå Kyrkjesøk

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Fosen prosti Bjugn med Bjugn sokn Leksvik med Leksvik sokn Stranda sokn Nes sokn i Trøndelag Osen med Osen sokn Rissa med Hasselvika sokn Rissa sokn Stadsbygd sokn Sør-Stjørna sokn Roan med Roan sokn Ørland med Ørland sokn Åfjord med Stoksund sokn Åfjord sokn

Tidlegare prestegjeld og sokn Bjugn prestegjeld med Bjugn sokn Nes sokn Jøssund sokn

Bjørnør prestegjeld med Roan sokn Osen sokn

Leksvik prestegjeld med Leksvik sokn Stranda sokn

Stadsbygd prestegjeld med Stadsbygd sokn Rissa sokn Sør-Stjørna sokn Hasselvika sokn

Ørland prestegjeld med Ørland sokn

Åfjord prestegjeld med Åfjord sokn Stoksund sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune

Kjelder

Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Trøndelag fylke Kategori:Nidaros bispedømme Kategori:Fosen