mini|Moss kyrkje Vestre Borgesyssel prosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Moss, Råde og Våler i Østfold fylke. Prosten har sete i Moss.

Historie Prostiet vart oppretta i 1816. Då vart prestegjelda Moss, Onsøy, Rygge, Råde, Tune og Våler skilt ut frå Nedre Borgesyssel prosti.

Sokn Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Det er 7 sokn i prostiet (2024).

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesrådEkholt sokn Ekholt kyrkje MossJeløy sokn Jeløy kyrkje MossMoss sokn Moss kyrkje Moss Rygge sokn Rygge kyrkje Larkollen kyrkje Moss Råde sokn Råde kyrkje Tomb kyrkje RådeSvinndal sokn Svinndal kyrkje VålerVåler sokn i Borg Våler kyrkje i Borg Våler

Prestegjeld Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Vestre Borgesyssel prosti desse prestegjelda:

Moss prestegjeld med Moss sokn Jeløy prestegjeld med Jeløy sokn Råde prestegjeld med Råde sokn Rygge prestegjeld med Rygge sokn Ekholt sokn Våler prestegjeld i Østfold med Våler sokn i Borg Svinndal sokn Skiptvet prestegjeld med Skiptvet sokn Spydeberg prestegjeld med Spydeberg sokn Hovin sokn Heli sokn Hobøl prestegjeld med Hobøl sokn Tomter sokn

Referansar

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja

Bakgrunnsstoff Om Vestre Borgesyssel prosti på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Borg bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Skipingar i 1816 Kategori:Østfold fylke Kategori:1816 i Noreg