Guri Annika Schanke () er ein norsk skodespelar, songar og dansar. Ho vann Melodi Grand Prix 2007 og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 2007, der ho enda på 18. plass i semifinalen.
Guri Schanke er kjend for skodespelarkarrieren sin, særleg i revyar og musikalar. Ho var òg med i siste runden av TV2 sitt underhaldningsprogram Skal vi danse i 2006. 10. februar 2007 vann ho den norske finalen i Melodi Grand Prix med låten «Ven a bailar conmigo» komponert av Thomas G:Son. Schanke representerte Noreg under semifinalen i Eurovision Song Contest 10. mai 2007 i Helsingfors i Finland. Denne semifinalen måtte ho gjennom fordi Noreg sitt bidrag i 2006 ikkje kom blant de ti beste. Guri Schanke fekk for få stemmer til å gå vidare til hovudfinalen.
Guri Schanke var gift med Øivind Blunck frå 1991 til 2008.
Bakgrunnsstoff Biografi Intervju i samband med «Skal vi danse» Heimeside Store Norske Leksikon om Guri Schanke.
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske songarar Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2007-deltakarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarar