Joik er den tradisjonelle folkelege songen til samane. Joiken er oftast svært lydmålande. Alle samiske språk har omgrep for å joika, juoigat. Joik heiter vuelie på sørsamisk, vuolle på lulesamisk, luohti på nordsamisk og levd på austsamisk.
Songane handlar ofte om kjærleik og relasjonar. Ein joik kan beskrive ei vakker jente eller ein kjekk gut som songaren synest om – eller for den del ein rival som songaren ikkje synest like godt om. Det er mykje kjensler, glede og sorg i joiken. Joiken kan òg synast med eit religiøs siktepunkt.
Språkleg sett er verbet «å joike» transitivt, det vil seie at ein talar om å «joike ei jente» snarare enn å «synge ein joik om ei jente» .
Variasjonar Det finst mange ulike stilar innan joik.
Den sørsamiske joiken vert kalla vuollie og har i dag eit alderdommeleg preg, sidan utviklinga av musikken stoppa opp ved møtet med kristendomen. Å joike vart sett på som ukultivert eller heidensk, og samane slutta for ein stor del å joike.
Luohti er den nordsamiske varianten og i dag den mest utvikla joikstilen.
Den austsamiske joiken vert kalla leu'dd.
Artistar Mari Boine Ulla Pirttijärvi Wimme Saari Berit Alette Mienna
Kjelder
Bakgrunnsstoff «Jojkarkivprojektet» Samisk joik
Kategori:Samisk kultur Kategori:Song Kategori:Samiske ord og uttrykk