Monrovia er hovudstaden i det vestafrikanske landet Liberia. Han har omkring éin million innbyggjarar (2008). Byen ligg på ei halvøy mellom Atlanterhavet og elva Mesuardo, og er ein viktig hamneby.

mini|venstre|Travel gate i Monrovia.

Monrovia er den største byen i Liberia og det administrative, kommersielle og finansielle sentrumet i landet. Næringslivet i byen er dominert av hamna, som blei kraftig utvida av dei amerikanske militærstyrkane under den andre verdskrigen. Dei viktigaste eksportartiklane er lateks og jernmalm.

Byen blei grunnlagd i 1822, som ein koloni for lauslatne slavar frå USA, og er oppkalla etter USA sin femte president, James Monroe.

Kjelder

Kategori:Hovudstader i Afrika Kategori:Byar i Liberia Kategori:Skipingar i 1822