Othoní (gresk Οθωνοί) eller Fano er den vestlegaste av dei greske øyane. Ho er den største av dei diapontiske øyane, ei gruppe småøyer nordvest for Kérkyra i Dei joniske øyane. Administrativt høyrer Othoní til periferieininga Kérkyra i periferien Dei joniske øyane, og var tidlegare eigen kommune. Øya vart innlemma i kommunen Kérkyra i 2011, men inngår frå 2019 som ei kommunaleining i kommunen Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane.

Ved folketeljinga i 2021 hadde øya og kommunaleininga Othoní 386 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 206 innbyggjarar.

På 1800-talet var øya hovudsete for kommunen Diapóntiaøyane, som bestod av øyane Othoní, Erikoússa og Mathráki. Dei fleste innbyggjarane på øya har sitt opphav i folk frå Paxí som busette seg her i 1570-åra.

I ei grotte nær Aspros Ammos-stranda skal i følgje segna Kalypso ha halde Odyssevs til fange.

Referansar

Kjelde

Othoni Othoni Othoni Othoni