Ajía Paraskeví (gresk Αγία Παρασκευή) er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.
Ajía Paraskeví ligg nordaust for Aten, om lag 10 km frå sentrum av byen. Fram til 1950-åra var forstaden tynt folkesett og dei fleste innbyggjarane dreiv med jordbruk. I 1960-åra opplevde Hellas rask økonomisk vekst og mange emigrerte til storbyane, noko som førte med seg rask utviding av desse. Dermed auka folkeveksten dramatisk i forstadane til Aten. I dag er Ajía Paraskeví tett folkesett med mykje trafikk og luftforureining.
Ajía Paraskeví ligg ved foten av Ymittós og er ein av få forstadar i Aten som har mange tre og grøne område. Byen strekkjer seg oppover i høgda og ein kan sjå store delar av Aten og heilt til Pireus.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Agia Paraskevi» frå , den 11. september 2007.
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside
Kategori:Kommunar i Attikí Kategori:Nord-Aten Kategori:Bydelar i Aten